| På Havrå ligg jordeiga på innmarka framleis teigblanda.
Det er resultatet av ein måte å dela eit gardsområde i fleire bruk. Når eit gardsområde vart
delt i to likeverdige bruk, skulle dei to nye bruka vera jamgode. Det kravde ei grundig
vurdering av terreng og jordsmonn. Vart det vanskeleg å dela "reint", det vil
seia i to samanhangande område, vart det delt "steint". Då vart dei ulike
områda på garden delte slik at alle fekk del i god og dårleg åker, god og dårleg eng.
Teigane vart markerte med merkesteinar. Når ein først har starta med å dela jorda på
dette viset, vil ny bruksdeling skje innafor same system.
Teigblanding
er kjend frå mellomalderen i Europa. I Noreg er denne delingsmåten best
dokumentert frå 1600-1700-talet.
Teigblandinga hadde si største utbreiing på Vestlandet, men er kjend
også frå andre delar av landet.
På Havrå skjedde bruksdelinga frå to til åtte
bruk i løpet av vel 200 år (1520 1690-åra). Måten dette er gjort på, er
rekonstruert av Brita Skre i Havråboka. Å driva eit bruk på ein gard med
stor teigblanding, stilte store krav til driftsmåtane og samarbeidsevna.
|