![]() |
|
|
| _ | Garden Havrå
|
Stiftinga Havråtunet vart skipa i 1973 med føremål å ta
vare på tunet og det teigdelte landskapet på Havrå. Med i stiftinga er representantar
for grunneigarane, Fortidsminneforeningen Bergen og Hordaland avd., Osterøy
kommune, Hordaland fylkeskommune og Osterøy Museum. Frå starten har tunet og området kring vore freda ved ein frivillig fredingsavtale. I 1977 fekk Stiftinga Havråtunet status som halvoffentleg museum og fekk offentlege tilskot. I 1988 vart det avtalefesta eit samarbeid med Osterøy museum, og dei to institusjonane har felles personale. Stiftinga leiger tre bruk på Havrå og driv tradisjonell gardsdrift med dyr og åkerbruk. Havrå er det første anlegget som er freda som kulturmiljø etter paragraf 20 i kulturminnelova.
|
![]() |
||
![]() |
||