![]() |
GARDSDRIFT OG KUNNSKAPS - FORMIDLING |
|
| _ | Garden Havrå
|
Det er hundreårs jordbruksdrift som har forma det
gardslandskapet ein ser på Havrå i dag. Derfor meiner Stiftinga Havråtunet at
gardsdrift er ein føresetnad for å kunna ta vare på garden når den er freda som
kulturmiljø. For å kunna driva eit så stort og samansett jordbrukslandskap, trengst
ulike typar kunnskap. Berre dei færraste av dei kan lesast ut or ei bok.
Frå 1995 har Stiftinga Havråtunet hatt fast gardsstyrar som har gått i lære hjå brukaren som dreiv gard fram til 1979. Ved saman å gå til dei ulike stadene på garden, og arbeida i lag, har gardsstyraren tileigna seg det som vert kalla den handlingsborne kunnskapen. Det er viktig å syta for at læringa held fram og ikkje kviler på ein person åleine. Stiftinga Havråtunet arbeider derfor for å få større arbeidsstokk på garden. |
![]() |
||
![]() |
||