![]() |
|
|
| _ | Garden Havrå
|
Mykje
tyder på at det har butt folk på Havrå heilt frå bronsealderen. Pollenanalysar av
prøver tatt like ved tunet syner at det vart drive åkerbruk på garden for 3.500 år
sidan. Menneskeleg aktivitet i området er endå eldre, det syner steinalderfunn sorn er
gjort ved fjorden. Havråtunet og -garden er eit eineståande minnesmerke over vestlandsk busetnad og jordbruk, slik det var for 100 - 150 år sidan. Då jorda andre stader vart utskifta og den gamle tunskipnaden med fellestun vart broten som følgje av utskiftingslovene på 1800-talet, vart Havrå liggjande att alt på 1930-talet kjent som eit verdfullt kulturminne. Havrå er delt i 8 bruk, kvart på om lag 20 dekar. Etter nokre år utan
aktiv gardsdrift, driv Stiftinga Havråtunet no jordbruk på "gamlemåten" med
både husdyrhald og åkerbruk, og dei tradisjonelle driftsmåtane der mykje av arbeidet
vert utført med handamakt, vert haldne i hevd. Spaden og ljåen er viktige reiskap, og kipa er uunnverleg til det meste som skal transporterast på garden, frå møk til lauv og poteter. På 1800-talet fekk tunet med hellelegging og bygningar omlag den forma det har i dag. Mange av bygningane er mykje eldre, og den eldste, Guleksbuæ, er datert til 1200-talet.
|
![]() |
||
![]() |
||