![]() |
BYGGJESKIKK |
|
| _ | Garden Havrå
|
Folk som kjem opp i tunet får først auga på dei store brakekledde
løene. Dei er sette opp i siste helvta av 1800-talet, mange av dei av materiale frå
eldre løer. Løene er stavbygde, og stavane står på dei mura florane. Dette er ein byggjemåte med røter attende til førhistorisk tid. Dei "nye" florane under løene er murte i stein, somme godt inn i bakken. Dette var ein ressurssparande byggjemåte i tider då det var uthogne skogar, men flust med arbeidskraft. Stovebygningane er tømra, likeins buer, vårflorar og somme av nausta. Gammalt tømmer frå stovehus er nytta i uthusbygningane, som lekk i det som i dag vert kalla gjenbruk. TETT, LETT OG LUFTIG, BILLIG OG GODT, VAKKERT OG VARIG - BRAKEKLEDNING Brakekledning er tett og samtidig luftig. Han eignar seg godt som kledning på hus som skal vera tørre og luftige. Brakekledning er brukt på naust, løer og utløer. Havrå har den største samlinga av brakekledde bygningar i landet.
|
![]() |
||
![]() |
||