KLYNGJETUNET

_ Garden Havrå

Historie

Gardsområda

Kulturlandskapet

Teigblanding

Tunet

Byggjeskikk

Kunnskaps-
formidling

Freda miljø

Stiftinga
Havråtunet

Til forsida

 

På Havrå ligg husa tett i tett, med bustadhus i midten og løer med florar i ytterkant. Denne tunskipnaden vert kalla klyngjetun.


Tunskipnaden er eit resultat av byggjeverksemda på 1800-talet. Bustadhusa vart utvida og påbygde. I siste helvta av 1800-talet vart dei mange florane (for storfe og småfe) og løene avløyste av større løer over steinmurte florar. To små bygningar, den eine eit smalehus, ligg enno att ved geila som minne om eldre bygningar.

Denne byggjeverksemda var lekk i ei storstilt modernisering av jordbruksdrifta i Noreg, og gjekk for seg på dei fleste gardar i vårt område. Med fôr og buskap under same tak, vart arbeidet for ho som stelte buskapen mykje lettare. Bustandarden vart betre.

Mykje talar for at folk tidleg har funne nett denne staden veleigna til å busetja seg på. Her er god byggjegrunn på ei lita flate i den bratte lia; tørt, og med berg i dagen. Den viktigaste vassåra, Bekkjen, kjem ned her. Geila eller fegata, tek til frå tunområdet, og det eldste huset, Guleksbuæ, har alltid stått på same stad sidan det vart oppsett i høgmellomalderen.

Brita Skre har gjort greie for korleis tunet vart utvida, frå det eldste tunområdet på austsida av Bekkjen, til det store tunet slik det ligg i dag på begge sider av Bekkjen.

GARDSHUSA

Det høyrer mange gardshus til på ein såpass stor gard som Havrå. I tunet dominerer løer og bustadhus. Her står også Guleksbuæ frå mellomalderen og eit eldhus frå 1500-talet, og eit lite tørkhus. Ved Geilæ ligg to små driftsbygningar, den eine er eit smalehus.

Garden har, og har hatt, fleire bygningar enn dei i tunet. Ved elva ligg fem kvernhus. Alle fem har meir enn ein eigar, og bruka på nabogarden Blom er medeigarar i kvernhusa.

I Udgjerdsgarden ligg i alt 12 vårflorar og saueflorar. Somme er det berre muren att av. På Utlebakkjen i Slåttna aust om Udgjerdet låg dei fleste utløene. Berre to av dei står no. Alle bruka har naust, to av dei i Grotthauen, eit ved Ladet og dei fem andre i Blommastø - i eige saman med andre bruk på Havrå eller på Blom.