I fem år bygde dei tyske okkupantane opp gigantiske festningsverk langs norskekysten. På haugar og nes vart det skote og arbeidd. Tusenvis av arbeidarar kom frå inn- og utland, lokka av gode løner. Russiske og serbiske krigsfangar vart og nytta som slavearbeidarar.

Tyskarane ville forsvare seg mot allierte angrep frå sjøen. Svære kanoner og tusenvis av soldatar vakta den norske kystlina. Kilometerlange tunnellar og store depot vitna om korleis ein hadde tenkt å bite seg fast langs kysten når angrepet kom. Vegar og kommunikasjon vart bygde ut, og flyplassar kom til over alt der det var mogleg å leggje flystriper.

Etter freden overtok det norske forsvaret mange av desse anlegga, som vart basis i det norske kystforsvaret i etterkrigstida.

Dei første tiåra etter krigen forfall mykje av det tyskarane hadde bygd, og folk såg helst at alle minna frå dei fem mørke åra vart sletta ut for godt. Men i dei seinare åra har det vore ei ny og sterk interesse for å restaurere og ta vare på desse krigsminna, som ein nå ser på som viktige kulturminnesmerke frå ein del av vår historie som vi aldri må gløyme.

I Hordaland har ein mange slike minnesmerke, og både offentlege institusjonar og entusiastiske privatfolk har drive med omfattande restaureringsarbeid.