|
"Festung Bergen"og Hordaland
Bergen by vart ei strategisk hamn for okkupantane under heile krigen.
Den viktige malm- og forsyningsskipsfarten nordover var heilt avhengig
av vestlandsbyen. Jernbanesambandet til hovudstaden og god verftskapasitet
var viktige element for eit Tyskland i krig. Dermed vart det ei
viktig oppgåve å verne byen mellom dei sju fjella.
Rett etter det tyske angrepet mot Norge i april, vart alle dei
tidlegare norske kystfestningane bemanna med tyske styrkar. Frå
sommaren 1940 og fram til våren 1941 vart i tillegg to kystfort
ferdigstilt og bemanna. Det var dei tidlegare norske anlegga Skjellanger
(MKB 5) og Korsnes (MKB 6), som var under byggjing då landet vart
okkupert i 1940.
Dei norske anlegga i Hordaland tilhøyrde før krigen Bergen befestninger
indre fort (Kvarven,Hellen og Sandviken) og ytre fort (Håøy-avsnittet
og Lerøy-avsnittet). Dei fleste anlegga var bygde i perioden 1898-1900,
og forta var dermed relativt forelda då krigen braut ut i 1939.
Frå 1942 vart det fart i utbygginga av kystfestningar her i fylket.
Dette kom som følgje av ein direkte ordre frå Hitler personleg.
Hordaland kom etter kvart til å bli omkransa av nærare 32 kystfort
og festningar, 14 tunge luftvernbatteri og fem flyplassar og flyhamner.
Det var særleg Bergen som skulle vernast. Ingen annan by i Noreg
var omgitt av eit slikt antal festningsanlegg under krigen.
Tekst Dag Bjørnar Mjelde
|