| |
Samlaren er ukjend, men korta er frå 1880-åra fram til litt ut på 1900-talet. På den tida vart
kort – seinare postkort - ein moderne og populær måte å halda kontakt med familie og
vener
på. Slike helsingar vart ikkje lagt i ei skuffe, men sette fram så alle fekk sjå - eller i ein album
der ein kunne bla. Men berre dei som var teikna og/eller fargelagde fekk plass her.
Så hamna albumet hjå Knut Gudleikson Borge som dreiv antikvariat i Oslo. Niesa, Berta
Grytaas frå Osterøy, fekk med seg albumet vestover etter eit besøk, og skal ha takk for at ho
deler samlinga med oss alle. Nokre få av hennar eigne kort frå 1905, er også med.
Korta speglar av førestillingar som rådde i tiåra før og etter førre hundreårsskifte, om det
nasjonale, det moderne, om folk på landet og om lappar. Det viser også kva som var gode
salsvarer. Dei mange svenske korta syner at unionsspørsmålet også fekk sine albumsminne.
Korta er teikna av kjende og mindre kjende teiknarar. Ivar Ulvestad, Norske postkort, 2005
har vore til stor hjelp.
|
|
| |
Mellom
julekorta finn me
nissar, julemotiv og juletre,
"Glædelig Jul"-helsingar og postkort med påskrivne jule- og
nyårsønske på framsida. |
Både kyst
og innland, skog og vidde, fjord og fjell er mellom landskapsmotiva
- somt er dramatisk,
somt trollsk
og somt idyllisk. |
Jenter og
kvinner er svært ofte festkledde, sjølv i arbeid.
Dei ventar
- på at mor skal koma heim, eller på ein kjærast.
Den lettkledde engelen
som speglar seg i tjernet
skiljer seg ut. |
Det er mange
slags møte - mellom to eller fleire
samla kring felles aktivitet;
det tilfeldige
og det planlagde. |
Somt meir
enn anna markerar eit tidsskifte
- eit nytt århundre,
den moderne tid, unionsoppløysing
og nytt, ungt kongepar. |
|