05.09.2005
"Peer Gynt" - sett opp av
Robert Wilson - er tildelt Heddaprisen som "Årets
beste forestilling". Stykket blir no spela på
Den Nationale Scene fram til 15.okt.
Neste år blir oppsettinga vist i USA.
Kulturnett Hordaland tek ferie
fram til 8. august.
Men det skjer mykje på kulturområdet. Dersom du brukar Arrangementskalenderen,
kan du velge Hordaland og finne oversikt over arrangement (bl.a.
filmframvisingar) ein heil månad framover. Galleriguidenviser utstillingar i galleri og museum i Hordaland i sommar.
08.07.2005
I år 2000 - Kulturbyåret - dansa
nymfer på Lille Lungegårdsvann. Kulturnett Hordaland har laga ein biletserie
frå den framsyninga.
08.07.2005
Fredag 15. juli opnar Vestlandsutstillingen
på Hordaland kunstsenter: "Fortellinger fra vestlandet" der
27 kunstnarar er med.
30.06.2005
Ny utgåve (norsk + engelsk) av Galleriguiden
er lagt ut. Den gjeld for 3. kvartal i år.
04.02.05
Odda har fostra fleire forfattarar
som har fått mykje omtale i det siste. Dei er alle full av lovord om Odda
bibliotek som har betydd mykje for dei. Men andre kjem og med
rosande omtale av biblioteket inst i Sørfjorden. Kulturnett Hordaland
har samla nokre av desse - fordi vi og kjenner Odda bibliotek som ein
svært aktiv kulturinstitusjon som absolutt fortener denne rosen!
Klikk på bildet. Velg dato og månad
- og bruk SØK-knappen.
04.02.05 Barnas Hus: Korleis var det
å leve i Bergen i 1905? Open invitasjon
til alle barnefamiliar og skuleelevar ...til å vere med og (gjen)skape
historia(pdf-fil). Du må
forstørre bildet til 400% for å kunne lese teksten i dei svarte felta.
Meir informasjon om prosjektet - her.
21.06.2004
Enorm interesse for Holbergs
minnepris som blir delt ut for første gong i desember i år.
20.04.2004
Bergen Teaterforening har delt ut 2
æresprisar for 2003: Pernillestatuetten går til skodespelar Rhine
Skaanes og Rampeløkten til teatergruppa "Krabaten".
05.03.2004
Jon Fosse med ny bok "Det
er Ales". Du kan lese bokmeldinga
på NRK. Meir stoff om Jon Fosse finn du på lista til Bergen off.
bibliotek - Vestlandsforfattarar.
02.03.2004 Tiril
Schrøder får Eidfjord kommune sitt kunstnarstipend 2004
06.01.2004
2003 vart eit rekordår
for Den Nationale Scene - med ein auke i besøket på 17% frå
året før!
Totalt besøk i 2003 var ca 117.000.