arkivnett3.jpg (12709 bytes)

Kontakt:
webredaktøren



Kommunar med arkiv

Kulturarrangement - Kva skjer?  
- Registrer nye  

Tema/Prosjekt
- ABM-kjeldene

-
Knudsensamlingen
- Oppslagsv.(oVe)

- Plakatutstilling
- Segner i Hardanger 

- Segner i Sunnhordl.
   
KB2000-prosjekt 
- Bergen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- ein del av Kulturnett Hordaland

Melding til dei som arbeider med arkiv i Hordaland:
Eventuelle arkivfaglege spørsmål kan sendast til Hordaland fylkesarkiv.  
Spørsmål som gjeld utstyr, programvare, avtalar o.l. vil bli vidaresende til IT-seksjonen.
 

KULTURNYTT frå media

NYTT/MELDING                                                               

10.08.05
Osterøy museum er arkivdepot for Osterøy kommune. Arkiva etter dei eldre kommunane Hamre, Haus, Hosanger og dagens Osterøy kommune finst her. No er tilvekst/katalogar for arkiva lagt ut, sjå museet si heimeside/arkiv

18.03.05

Første band av Stord si lokalsoge "Frå steinalder til oljealder" - vart lansert i går.
Kulturnett Hordaland gratulerer!


18.03.05
Norsk folkeminnesamling: Merkedager - Påske.

07.12.2004
I "Dag og Tid" (nr. 49 / 2004) kan du finne liste over lokalhistorisk materiale - bygdebøker o.a. - frå heile landet: Riksoversynet 2004. Her er det tatt med 23 titlar for Hordaland.

26.11.2004
Ullensvang får likevel ikkje det nye nasjonale pantebokarkivet. (BT i dag)

08.07.2004
NB! Kulturnett Norge held på med ei stor omlegging.
Det er difor nye internettadresser som må brukast for å komme inn på nettsidene til arkiva. 
Bruk: Kulturnett Norge. Kultur på kart  Her kan du velge kommune

02.04.2004
Etter 8 år er bygdeboka for Misje ferdig!  Sjå BT i dag.

26.02.2004
Årboka "Frå Fjon til Fusa" 2003 er komen. Det er Nord- og
Midthordland sogelag og Hordamuseet som samarbeider om å gjå ut boka, og den tek for seg kulturhistoriske emne med interesse langt utover fylkesgrensa.

14.02.2004
Ny nettstad under Tema/prosjekt: "Vegen til ABM-kjeldene".

16.12.2003
Vi har no fått 2 nye sogelag/historielag på lista over 
lokal-/slektshistorie

20.11.2003
2 nye bygdebøker i Hordaland. Du finn omtale på nettsidene til kommunane - Fusa og Jondal. Elles fyldig omtale i "Os og Fusaposten", nr. 83 - (08.11.03)

29.09.2003
Interkommunalt arkiv i Hordaland har fått nye nettsider!

20.08.2003
I samband med 400-års markeringa for det off. helsestellet i Noreg, har Statsarkivet i Bergen/Digitalarkivet laga ei "byvandring" anno 1769.

10.07.2003
Bergen Byarkiv er blant dei institusjonane som har fått prosjektmidlar frå ABM-U i denne tildelingsrunden. Vi gratulerer!

06.06.2003
Bergen Katedralskole er 850 år i år. Dei eldste delane av arkivet (ca 250 år) er deponerte i Statsarkivet i Bergen.

23.04.2003

Oppslagsverket (oVe) frå Bergen Byarkiv er no på nettet. Her kan du pr. i dag finne over 100 oppslagsord, og for kvart emne er det lagt inn informasjon om type materiale, kvar det finst, om det er fritt tilgjengeleg o.s.v. Eit nyttig og godt oppslagsverk som viser til arkivmaterialet ved Bergen Byarkiv og Lokalhistorisk arkiv i Bergen.


Bygningstegning frå byggesaksmappa for Edvard Griegsvei 18


11.04.2003
Påska står for døra. Og det finst segner som er knytte til påska. Dersom du går inn på Segner i Hardanger, og søkjer i den felles databasen (du får forklåring på korleis du skal gå fram), kan du finne fleire påskesegner.

05.03.2003
400 år med offentleg helsestell i Norge! Statsarkivet i Bergen markerer jubileet gjennom heile året - og legg ut "månedens dokument 2003".
Den første offentleg tilsette legen i Norge finn vi i Bergen: "Legen som ikke rømte fra pesten" - sjå artikkel i BT
Her: liste over tilskipingar i Hordaland i jubileumsåret.

 


06.02.2003

Billedsamlingen ved UiB/Universitetsbiblioteket har flytta nærare sentrum i Bergen  - til Nygårdsgaten. Dei ønskjer velkomne med ei portrettutstilling over foto frå den nye lesesalen. Omtale av den "nye" Billedsamlingen i "På Høyden".


K.Knudsen: Gutt fra Modalen


03.01.2003
1.januar i år vart ABM-utvikling opretta. Det skal bl.a. vere eit kompetansesenter for arkiv, bibliotek og museum.


11.12.2002
Første søndag i advent fann det stad ei spesiell markering på Nordnes: Det var 700 år sidan Audun Hugleiksson vart avretta ved henging. Audun Hugleiksson har vorte kalla "den største politikaren Noreg har fostra". Du kan lese meir om det eventyrlege livet til denne mannen i den nettutstillinga som Statsarkivet i Bergen har laga. 


05.12.2002

Omtale i BT av bygdebokprosjektet på Sotra.
Lenke til prosjektet: Fjell bygdebok - finn du under Lokal-/slektshistorie


02.12.2002
I 2005 er det 250 år sidan innføringa av fattiganordninga for det gamle Bergen Stift. I Hordaland og Sogn og Fjordane skal dette markerast, og "Fattigkassa. Fattigprosjektet i vest" er etablert. Det er eit samarbeid mellom arkivinstitusjonar, høgskular og universitet i desse fylka. 

13.11.2002
I samband med arkivas dag vart det laga ei plakatutstilling om mat. No kan du sjå den som ei nettutstilling - med mange bilde og gamle plakatar.


28.10.2002
Slektsgransking er endå meir populært enn tidlegare - i og med nye elektroniske hjelpemiddel, og f.eks. orientering og kurs frå bl.a. DIS-Hordaland (står for Datbehandling I Slektsforsking). 
Du finn meir stoff under Lenker: Lokal-/slektshistorie

16.09.2002
Kunnskapsbase for Stord er eit av dei 13 prosjekta som har fått støtte frå Kulturnett Norge i år.

16.09.2002
Permanent lokale for Bergen Byarkiv - etter 20 år?

23.08.2002
Radøy Sogelag har fått eigne nettsider. Vi gratulerer! Lenka vil vere å finne under Lokal-/slektshistorie


16.08.2002:
To nye nettutstillingar frå Billedsamlingen/UiB:


"Bergen i vinterdrakt"


"Barn i byen"


07.08.2002
Vi kan hente meir stoff om Hordaland frå Digitalarkivet. Dei har oppretta noko dei kallar Digitalpensjonatet (databasar laga av organisasjonar eller privatpersonar utanfor Arkivverket). Der finn vi bl.a. materiale frå Nordhordland..

07.08.2002
"(...) en frugtbar Dal, Folgedalen kaldet , der bestod af 7 Kirkesogne; men hvis Indbyggere vare saa overmodige og ugudelige, at Gud endelig i ti samfulde Uger lod det snee og slude uden Ophør (...)".

Slike skildringar kan du finne i "Norge fremstillet i Tegninger" (1853/-55) som Digitalarkivet no har laga ei nettut- stilling over. Det finst 6 bilde frå Horda-land (Hardanger, Askøy og Bergen).  


Bildet viser utsnitt av "Bondhusdalen og Maurangerbræ i Hardanger", av Joachim Christian Geelmuyden Gyldenkrantz Frich.

10.06.2002
Statsarkivet i Bergen har fått nye heimesider.
Under "aktuelt" kan du bl.a. finne ei nettutstilling om Bergensbrannen i 1702.  


21.05.2002
Fana historielag har fått eigne nettsider. Der finn du no Liv Bakka sin Fanabibliografi, utg. av Fana historielag, 2000.


29.04.2002
Arkivnett Hordaland er no lista opp blant arkiva som er komne med under Unesco sin arkivportal. (Under "Municipal Archives"). Portalen har elles lenker til ei mengd arkiv over heile verda.

08.04.2002

Bergens Tidende skriv om slektsgranskarane si gullgruve: Digitalarkivet som har ca 5000 besøk på nettsidene sine kvar dag.


Frå Statsarkivet


08.04.2002
Bergens eldste arkiv - arkivet for det hanseatiske Kontor - er igjen tilgjengeleg for forskarar i Lübeck.

27.02.2002
UiB/Historisk institutt har utarbeidd lærepakker som nyttar  edb i bruk av historisk materiale/arkivmateriale: Digitalskolen. Lærepakkene finst både for grunnskole, vidaregåande og univerisitet. 

11.02.2002
BT: Hans Kr. Bukholm si fotosamling med motiv frå kystkulturen - ca 100.000 fotografi - skal digitaliserast Arbeidet skal gjerast i samarbeid med Hordamuseet.


Vi har feira jul, og vi tek difor med ein smakebit frå Austevoll: "Tradisjonsstoff om jul"  innsamla av Knut Nauthella. 

04.12.2001
Opning av nettstaden "Lokalhistorie frå Austevoll" i går. Kulturnett Hordaland gratulerer! Du vil elles finne denne lenka her på arkivnettet under Lokal-/slektshistorie


09.11.2001
Norsk lokalhistorisk institutt har fått eigen nettstad. Der kan du bl.a. finne oversikt over dei bygdebokprosjekta som er under arbeid i Hordaland.

17.10.2001

Austrheim kommune har lagt ut bilete frå sogeboka "Austrheim i fortid og notid", B.4 (1800 - 2000).
Ein god del av bileta kan bestillast.


23.08.2001


Bygdebok for Lindås, B.2 er ferdig.
Den omfattar sokna Lygra og Hundvin.


29.06.2001
Lepraarkiva i Bergen er no komne inn på UNESCO si liste "Memory of the World". Fysisk er dei å finne i Bergen Byarkiv og Statsarkivet i Bergen. Ein del av materielet er no lagt ut på eigne nettsider under Statsarkivet

25.06.2001
Det har vore ein del diskusjon om Gjest Baardsen-statua til Stig Eikaas i det siste. I Statsarkivet si artikkel-
samling "Bergensposten 1998" kan du lese meir om "meistertjuven" frå Sogn  - som er gravlagd i Bergen.


25.06.2001
Hordamuseet er det i sommar ei utstilling om kunstnaren Katharina Saltnes. I Statsarkivet si artikkelsamling "Bergensposten 2000", kan du finne fleire artiklar om denne hordalandskunstnaren.



31.05.2001
Samnanger historielag har fått eigne nettsider!


01.03.2001
Bergen Byarkiv og Statsarkivet tek hand om Lepraarkivet frå St. Jørgen Hospital. Dette materialet er nominert som eit av Noregs bidrag til UNESCOs register til "Verdens hukommelse"

17.10.00
"Finn fram att den gamle revyvisa". Alt tilgjengeleg revystoff i Hordaland, nytt og gamalt, skal no registrerast.

26.09.00
Vossestrand sogelag skipa 13. sept.

08.08.00

Fjell bygdebok er under arbeid. Det ser ut til at den vil omfatte i alt 5 b. og vere todelt: Ei allmennsoge (i 2 band, der B.1 alt er utgjeven) - og ei gards- og ættesoge i 3 band.

Fjell bygdebok.jpg (5065 bytes)


15.03.00
I samband med KB2000, har Bergen Byarkiv vore med i eit prosjekt saman med dei andre europeiske kulturbyane, og dei har henta fram spennande smakebitar frå arkiva sine:
Evidence! Europe reflected in the Archives Det er lagt vekt på å få fram både særtrekk, og fellestrekk frå europeisk kulturliv.

arkivbilde.jpg (2754 bytes)


04.02.00
Ei fotovernteneste er no oppretta ved Hordaland fylkesarkiv. Hovudmålet er å bevare, sikre og gjere lett tilgjengeleg fylket sin fotografiske kulturarv.
Det vil og bli halde eit seminar om emnet.

St.meld.nr. 22 (1999 - 2000). Kjelder til kunnskap og oppleving. (Om arkiv, bibliotek og museum i ei IKT-tid ...)

Bilde3_digiseminar.jpg (2972 bytes)

Bilde3_digiseminar.jpg (2972 bytes)

Bilde3_digiseminar.jpg (2972 bytes)


Lenker:
(Hordalandsstoff)
Arkiv og adresser
Arkivmateriale
Lokal-/slektshistorie

ABM-prosjekt i Hordaland


Søk i lenkebasen: 
(omfattar lenkene for  Hardanger, 
Midthordland, 
Nordhordland, Sunnhordland, 
Voss og omland,
ytre strøk,  
og delvis Bergen)




Stoff om Hordaland frå Arkivnett Norge
:
- komm. arkivkatalogar
(31.08.: finn ikkje)
 

Frå Statsarkivet:
- Bergensbrannen  

- Bergensposten  
 
(div. artiklar) 1998 - 
- Gjest Baardsen


Andre lenker:
Andre arkivnett  
Norsk lokal- historisk institutt